Search

Vegen mot fremtida

Updated: Dec 14, 2018


I disse dagar går det føre seg eit politisk drama i Møre og Romsdal vi knapt har sett maken til. Folk også utanom politikken er sterkt engasjerte og vener frå forskjellige stadar i fylket står i ferd med å bli uvener. Ordskiftet har gradvis hardna til og er no i ferd med å øydeleggje Møre og Romsdal som eit samla fylke. Det handlar om Nordøyvegen - vegen mot framtida sin endelege lagnad.


Eg skulle gjerne vore til stades under fylkesutvalet si handsaming av saka måndag forrige veke. Pliktene kalla og gjorde det umogleg. Eg tok meg allikevel tid til å sjå og høyre mesteparten av saka på NRK Møre og Romsdal. Eg er rett og slett rysta over strategien til fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. Eg er også rysta over at Fylkesordførar Jon Aasen tillet det som skjedde. Her vart det lagt opp til at avdelingleiar etter avdelingsleiar skulle få høve til å svartmåle økonomien til fylkeskommuna rett før handsaminga av saka som omhandla Nordøyvegen sin lagnad. Det er klart det gjer inntrykk på både representantar og folk flest, når administrasjonen sitt skitne spel set skulesektoren opp mot Nordøyvegen. Dette er ikkje berre tendensiøst, men det er og rett og slett dårleg leiarskap!


Sjølv er eg fødd og oppvaksen på Haramsøya, men har no budd meir enn 40 år på fastlandet. I nesten heile mitt 62 år lange liv har fastlandsforbindelse for øyane vore eit tema. Eg har heile tida hatt trua på at dette ville bli ein realitet og arbeidet er godt i gang - men førebels sett på vent. Møre og Romsdal har brukt fleire hundre millionar – og får dei største ego-istane og bakstrevarane det slik dei vil, vil det kanskje ende med nokre store krater rundt om på øyane – og eit brufeste på Skjelten. Dersom fylkestinget den 11. desember konkluderer slik, blir det ikkje berre eit stort bedrag overfor befolkninga – spesielt på Nordøyane, men det blir mest sannsynleg ei politisk skandale av slike dimensjonar vi knapt har sett eller vil kome til å sjå maken til i Møre og Romsdal.

Fylkesordførar Jon Aasen har vore positivt innstilt til prosjektet heilt til no. Eg har sjølv snakka med han om prosjektet når vi har møttest på messer i Trondheim. No har han plutseleg blitt bekymra for sitt politiske ettermæle dersom han stemmer ja til fullføring den 11. desember. Jon Aasen har all grunn til å vere bekymra for sitt politiske ettermæle, men det er på grunn av at han no på tampen har bestemt seg for å stemme nei til ferdigstilling av prosjektet.


Om ein skal døme etter det som kjem fram i pressa – og etter å ha snakka med ein del folk med godt innsyn i det politiske miljøet, vil det nok bli fleirtal for fullføring. Dersom mot-standarane allikevel skulle vinne fram, vonar eg den godaste Jon Aasen er budd på å bevilge nok midlar til å rydde opp etter seg og dei andre som stemmer nei. Disse midlane må takast med i budsjettet for 2019. Det blir rett og slett for feigt å overlate ryddejobben til den neste fylkesordføraren og det neste fylkestinget. Det vil i det heile bli ein merkeleg dag, den dagen når gravemaskinene kjem tilbake for å «gravlegge» Nordøyvegen. Dette handler faktisk om eit politisk ettermæle for fleire enn Jon Aasen, men som fylkesordførar har han eit særskilt ansvar. Det er gjerne slik, at dei fleste politikarar ynskjer å bli huska for noko positivt dei har vore med på. Så ei direkte henvending til fylkesordføraren; Jon Aasen, du har fortsatt høve til å bli huska som den fylkesordføraren som «regjerte» når Nordøyvegen vart vedtatt bygd og vedtatt ferdigstilt, men då bør du i det minste stemme JA sjølv også! Kvar vart forresten du av, fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde? Du har også fortsatt høve til å kome tilbake til JA-sida og på den måten sikre deg eit positivt politisk ettermæle!


Vi merker oss sjølvsagt at John John Bruset har meldt seg ut av MDG etter trugsmål om eksklusjon om han stemmer ja til fullføring av Nordøyvegen. Han gjorde sjølvsagt heilt rett i å sjølv melde seg ut av partiet – i staden for å vente på eksklusjon. Det kan vere tøft å vere politikar, men etter det eg kjenner til, er John John ein mann som har mot nok og som er sterk nok til å leve med situasjonen slik den har blitt. Det står respekt av det du no gjer og står for, John John!


Fylkesordførar Jon Aasen ytrar bekymring for store låneopptak i høve Nordøyvegen – og argumenterer som om fylkeskommuna ikkje klarer å betjene denne gjelda. Vi har alle stor respekt for fylkeskommuna sin økonomi og for økonomien i Nordøyveg-prosjektet. Sjølv har eg stor tillit til Deloitte si økonomiske analyse og konklusjonar om at heile prosjektet har evne til å «bere seg sjølv» over tid. Vi må heller ikkje gløyme at Nordøyvegen er eit pilotprosjekt når det gjeld finansiering. Her får Møre og Romsdal Fylke høve til å bruke framtidige statlege overføringar til drift av ferger til å finansiere prosjektet no. Det er framsynte og dugande politikarar som har fått gjennomslag for dette. Her har eg lyst å nemne vår «eigen» Oddbjørn Vatne. Eg har og lyst å trekke fram Bjørn Sandnes, som både i eigenskap av å vere styreleiar i Nordøyvegen og i eigenskap av å vere politikar har kjempa for saka i årevis. Eg gløymer heller ikkje Frank Sve, Kristin Sørheim og Iver Nordseth, som trufast har kjempa mange slag for Nordøyvegen. Dåkke er alle svært dugande og uredde politikarar som står for det dåkke meinar. Dette blir lagt positivt merke til!


Dei siste dagane har det kome fram at fleire kompetente fagmiljø står fram og meinar admi-nistrasjonen sitt talmateriale er direkte feil. Eg vonar dette ikkje er bevist frå administra-sjonen si side – i den hensikt å villeie dei folkevalgte som skal ta den endelege avgjerda i saka.


Kva vil vi eigentleg med Nordøyvegen? Eg vonar alle representantane i fylkestinget er samd i at mykje av den framtidige verdiskapinga ligg i satsing på havrommet. Potensialet for dei maritime- og marine næringane er enorme. Skal Møre og Romsdal bu seg på framtida, må det satsast på kommunikasjon og infrastruktur – ellers taper vi i konkurransen. Nordøyvegen – vegen mot framtida kjem her inn som særs viktig.

Sjølv er eg leiar for ei bedrift som såg dagens lys på Skuløya i 1913. På grunn av dårlege hamne- og kommunikasjonstilhøve vart bedrifta flytta til Søvik i 1953. I dag er vi godt over 100 tilsette inkludert dotterselskap. Vi har aktivitet i Haram, Giske, Molde og Vågan. Vi er ei av dei mange bedriftene i vårt fylke, som til saman utgjer det som blir rekna for å vere det mest komplette og sterkaste maritime clusteret i verda. Skal disse bedriftene rundt om i heile fylket fortsatt vere verdsleiande, skal det fortsatt skapast framtidsretta og gode arbeidsplassar, skal samfunnet nyte godt av viktige og avgjerande skatteinntekter frå disse bedriftene - ja, då må samfunnet syte for ein del avgjerande rammetilhøve. I så måte er gode kommunikasjonstilhøve heilt avgjerande. Nordøyvegen handlar nettopp om dette. Vegen mot framtida!

Vår bedrift har snart vekse ut av tilgjengeleg tomteareal i Søvik. Av same årsak har vi kjøpt H-produkter sin fabrikk på Haramsøya. Vi har fortsatt ambisjon om vekst og meininga er å vere budd på å skape aktivitet og arbeidsplassar i denne fabrikken når Nordøyvegen er ferdig - kanskje før den tid også, men vi må i det minste vite at den kjem!


Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik har fått mykje kritikk og negativ omtale i høve si handsaming av Nordøyvegen. Sjølv om det tilsynelatande prellar av, er det vanskeleg å sjå noko anna enn at kritikken er berettiga. Han har stort sett vore negativ til Nordøyvegen heile tida. Oppegåande og framsynte politikarar har gong på gong avvist hans negative framlegg. No i det siste har han stått føre skremselspropaganda om kva ferdigstilling av Nordøyvegen vil ha som konsekvens for andre sektorar, mellom anna skulesektoren. Han er sjølvsagt vel vitande om at dette gir inntrykk på folk flest og då særleg ordførarar rundt om i fylket. Splitt og hersk synest å vere strategien. Eg og mange andre er heilt sikker på at det ikkje blir ein einaste kvadratmeter meir skule eller ein einast undervisningstime meir om Nordøyvegen blir ofra.


Eg vonar fylkestingspolitikarane er klar over kva eit endeleg nei til Nordøyvegen vil ha som konsekvens for andre samferdsleprosjekt i fylket. Nordøyvegen har fortsatt 1. prioritet og alt anna vil stoppe opp inntil den er på plass. Våre vener på Nordmøre, som har jobba hardt for Todalsfjordprosjektet har forstått det – og støttar Nordøyvegen.

Det endelege slaget om Nordøyvegen sin lagnad står mest sannsynleg den 11. desember. Denne dagen får vi svaret på om politikarane står ved sine lovnader om å realisere Nordøyvegen. Denne dagen bør også fylkesordførar Jon Aasen vere budd på at det blir trangt om plassen på tilhøyrarplass. Forkjemparane for Nordøyvegen, dei som vil legge til rette for framtida og er budd på å ta ansvar, fortjener å bli både høyrt og sett denne dagen. Dei som endeleg vel å vere negativ vil nok også bli lagt merke til.


Vyrde politikarar, dåkke har sjølve bestemt at Nordøyvegen no har 1. prioritet av fylket sine store samferdsleprosjekt. No har dåkke høve til å verkeleg vise at dåkke meinar noko med prioriteringa. Sjølv er eg heilt sikker på at det blir eit endeleg ja til Nordøyvegen den 11. desember. No er det spørsmål om kven av dåkke som vil vere med på å gjere dette vedtaket – og på den måten sikre seg høvet til om nokre år å kunne slå seg på brystkassa og seie; «eg var med på å seie JA til Nordøyvegen – vegen mot framtida»


Kjell Norvoll - Søvik

For eit konkurransedyktig næringsliv og eit attraktivt lokalsamfunn. 

Skjelt-Ole Bakken 9, 6270 Brattvåg

92881290 - Epost 

  • Instagram - Grey Circle
  • LinkedIn - Grey Circle
  • Facebook - Grey Circle