Search

"Budsjettet er godkjent"


Frank Sve: Jon Georg Dale godkjenner Nordøyvegen.


Krangelen har stått mellom politikar og fylkesrådmann: Kor stor margin skal det leggjast inn i budsjettet for Nordøyvegen. I budsjettforslaget frå politikarane er det ei usikkerheit på 525 millionar kroner. Fylkesrådmannen vil ha rundt ein milliard kroner meir i margin.

No fortel leiar i plannemnd for samferdselsutbygging, Frank Sve, at han har avklart dette direkte med samferdselsminister Jon Georg Dale.


– Det vert no bekrefta frå samferdselsminister Dale at grunnlaget som vert lagt til grunn frå regjering/departement, er kostnadsramme P50. Dette er siste rammegrunnlaget frå byggeleiinga av Nordøyvegen, og er på totalt inkl. mva. og tidlegare medgåtte kostnadar i prosjektet, 4,9 milliardar kr, heiter det i ei pressemelding frå plannemnd for samferdselsutbygging i fylket.


Pressemeldinga er signert Frank Sve (Frp, frå Sunnmøre), Kristin Sørheim (Sp, frå Nordmøre) og Iver Nordseth (V, frå Nordmøre). Også Charles Tøsse har signert, som representant for regjeringspartiet Høgre.


Dette er reknestykket i grove trekk


4,9 mrd. minus moms (som dei får att frå staten) blir 3,9 milliardar. Og minus bompengar, kommunane sine bidrag, rentekompensasjon frå staten og bidrag frå bedrifter i Haram og Sandøy, er dei nede på rundt 2,5 milliardar kroner, ifølgje Sve.

Også eit anna tema er avgjort i Nordøyvegen sin favør, fortel han. Dersom fylket legg ned hurtigbåten til Nordøyane, kan fylket behalde pengar frå staten, som hurtigbåtavløysingsmidlar, etter ein liknande modell som ferjeavløysingsmidlane.


– Vi har fått eit skriftleg svar frå kommunaldepartementet. Vi får behalde 90 prosent av inntektene frå staten. Det blir 3-400 millionar kroner, seier Sve til Sunnmørsposten.


– Med dette er vi nede i litt over to milliardar kroner. Det er her fylkesrådmannen vil ha så mykje som ein milliard kroner i usikkerheit. No må han ta ut 490 millionar kroner av si påståtte ramme. Denne debatten er avslutta av samferdselsministeren. Det er på tide å kome seg vidare, seier Sve som ei slags helsing til fylkesrådmann Guttelvik.


– Og kven skal betale dei siste to milliardane?


– Det er det vi sparer på å legge ned ferjene, svarer Sve.


Møter statsråden tysdag


Det formelle møtet mellom samferdselsminister, fylkesordførar og fylkesrådmann skjer tysdag.


– Endeleg avklaring om grunnlag for bompengar på Nordøyvegen kjem frå statsråden i nær framtid, legg dei fire politikarane til i pressemeldinga. Dei forventar at Nordøyvegen blir vedtatt i fylkestinget 10.-12. desember i Molde.


– No ser eg ikkje behandlinga av Nordøyvegen som ei utfordring i det heile tatt. Den neste store fjordkryssinga i fylket er Todalen, og det er viktig for Møre og Romsdal å stå samla som region, seier Sve.

For eit konkurransedyktig næringsliv og eit attraktivt lokalsamfunn. 

Skjelt-Ole Bakken 9, 6270 Brattvåg

99424139 - Epost 

  • Instagram - Grey Circle
  • LinkedIn - Grey Circle
  • Facebook - Grey Circle